Always display this tab
ItemID
0855737
Title
Ein dag vaknar me og det er sommar : roman
Author
Aanestad, Ingrid Z. 1983-
Language
Norwegian (Nynorsk)
Published
Oslo : Forlaget Oktober , 2020
Description
113 sider
Information
Kulturfond . - Først er det berre Mir. Ho står utanfor jernbanestasjonen. Det er ein kald dag i mars. Mir er kledd i ein blå kjole med batikkblomar, kanskje har ho arva han. Ho har ei klokke hengande rundt halsen. Mir legg telefonen mot øyret og seier hei. Mir møter Ruth på ein fest. Til festen har Ruth med seg ei teiknebok, og det første ho gjer, er å teikna andletet til Mir. Saman tek dei form, skaper kvarandre om. Men Mir er berre Mir, og Belle, den gamle nabodama, gir ingen råd, ikkje om kjærleik, og ikkje om sjukdom. I staden held ho fest i bakgarden, med krabbar kokt på gassbluss og loff og sitronar og brennevin i små glas. Og Ruth er Ruth, ho har blå flekker på brysta etter celleprøve, det går bra, seier ho, men ho gir ingen løfte. Ein dag vaknar me og det er sommar er ein roman om å koma til syne og gi seg hen, om vennskap og kjærleik og redsla for ikkje å bli høyrt, og om alt det som kan veksa og gro, i ein sommar utan like.
Subjects
Romance
Lesbiske
Genre
Novel . - Novels
Links
media.boknett.no (image/jpeg)
ISBN
978-82-495-2277-4 (innbundet) : Nkr 349.00
Item location
AAN