Alt som smågut vart Herbjørn Sørebø kjend med den folkekjære sunnfjorddiktaren frå Dale, senteret i Fjaler kommune. Sørebøs bok byggjer på eigne minne om møte med Jakob Sande, frå forfattaren stod på sitt høgste til like før han døydde , vel 60 år gammal.
På grunnlag av samtalar med slekt, venner og mange andre som kjende Sande frå arbeid og fritid, har Herbjørn Sørebø skapt eit varmt og høgst personleg portrett, og han har fått med fleire moment og episodar som kastar nytt lys over det mangslungne og omskiftelege livet til denne populære diktaren.
Boka er rikt illustrert, og har med fleire foto og dikt som ikkje har vore publiserte tidlegare.