Forlaget skriv om denne boka:
Meistring, myndiggjering og brukarmedverknad er ord som flittig blir brukte i helse- og sosialsektoren, både i politikken og blant fagfolk. Dei handlar om at pasientar, brukarar og pårørande skal kunne ta i bruk ressursane sine, og vere aktive deltakarar i eiga behandling, og ha medbestemming når det gjeld tenester og omsorg som vert ytt dei. I helsesektoren har ein også lovfesta pasientane sine rettar til informasjon, og legg stor vekt på helsepedagogikk og læring som ein del av behandlinga.
Det paradoksale er at samstundes som ein har lagt vekt på dette, har ein også innført nye måtar å styre og organisere denne sektoren på som hemmar den fleksibiliteten som då trengs. Og sjølv om ein legg større vekt på informasjon enn nokon gong, er mangel på informasjon framleis ein vesentleg klagegrunn. Og korleis kan ein vere "myndig" pasient når ein er sjuk og avhengig av sine hjelparar? Kan den individretta meistringa og myndiggjeringa også bli skalkeskjul for offentleg ansvarsfråskriving?
Eit viktig føremål med denne boka er å drøfte slike spørsmål og gi ei fleirfagleg innføring i kva meistring og myndiggjering inneber for fagfolks måte å tenkje og handle på. Den berande ideen er at dersom meistring og myndiggjering skal bli noko meir enn retorikk, må hjelpearbeidet i helse- og sosialsektoren legge større vekt på ein kommunikativ praksis, og ikkje berre reindyrke ei tradisjonell instrumentell tilnærming.