Forlaget skriv om denne boka:
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevennen hans. Men han er ikkje sikker på om han er bestevennen til Lena Lid. I denne boka følgjer vi to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år, der dei leikar andre verdskrig, opptrer som gatemusikantar, går på sauesanking og lagar Noas sjark. Men ein dag blir idyllen brått brote.