På kaia står Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Han tek farvel med sonen Eilert Knutsen. Berre seksten år gammal går han om bord i dampskipet med kurs for Amerika. Eilert er ein vakker ung mann, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk. Men Eilert forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor omvending i Eilerts liv. Etter tolv år i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin bryt han opp og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att. «Bror din på prærien» er ein slektsroman fortalt på same vis som Hoems roman «Slåttekar i himmelen».
«Bror din på prærien» er ein slektsroman og westernroman, fortalt på same sanselege vis og i same poetiske språk som den lovpriste «Slåttekar i himmelen». Eilert Knutsen er berre seksten og eit halvt år gammal da han går om bord i dampskipet i Kristiansund med kurs for Amerika. På kaia står far hans, slåttekaren Knut Hansen Nesje, blinda av tårer. Seks veker seinare bankar Eilert på døra hos tante Gjertine i Day County, Sør-Dakota. Eilert er ein vakker ung mann, godt over seks fot høg, og jentene i det nye landet ser ikkje vekk, dei set snarare blikket rett på han. Da han kysser den dragande Jenny Mortenson, er det både med sterk lyst og frykt for å bli bunden. Han forsøker å la arbeidet styre han. Det skal kome ei stor og gjennomgripande omvending i Eilerts liv, som om han har vore på fel spor. Etter tolv år som fri arbeidshand i Sør-Dakota, Minnesota og Wisconsin, bryt han opp - på same måten som 50 000 andre nordmenn - og startar på den lange reisa til Albertaprærien i Canada. Han tar land ved Hesteskoen i Donalda hausten 1905. Heime i Norge ser Nesje at åra går, og han uroar seg for om han nokon gong skal få sjå sonen sin att i dette livet.