Forlaget skriver om denne boka:
Innst i ein fjord der mørket rugar sit faren og mora og ser på det siste lyset i bygda, det hos naboen. Dei lengtar etter at sonen skal komme på besøk. Det er lenge sidan sist.
Korleis har han det? Kva har han gjort? Same kva, ein son er ein son. Naboen kjem med bussen frå byen og har sprit og sonen med seg. Naboen meiner å vite at sonen har site inne. Sonen blir sint. Naboen døyr og det siste lyset med han. Sonen reiser og faren og mora har berre mørket der ute å sjå på.
I rollene:
Liv Bernhoft Osa, Trond Brænne, Ole Johan Skjelbred-Knudsen og Nils Sletta
Regi: Morten Cranner
Lyddesign: Tormod Nygaard
Musikk/musikar: Bjørn Klakegg