Når Dina ser den framande for første gong, under Midsommarmarknaden i Høglandet, kjenner ho berre eit lite stikk av uro. Men mor hennar, Skammaren, stivnar til når ho får auge på han. For ho veit at denne mørke mannen vil forfølgje Dina, og at dei alle no er i yttarste fare. Familien må flykte, ei mørk natt full av ugleskrik og merkelege vindar. Men kvar i all verda kan dei gøyme seg for ein svartemeistar? Kvar kan dei vere trygge når den som jagar dei har slangens gåve?
Dette er tredje bok i Skammarserien, som har erobra fantasy-elskarar i alle aldrar verda over. Dei to første bøkene er Skammarens dotter og Skammarteiknet, den siste er Skammar-krigen. Forfattaren er tildelt ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar for serien.