Flør samlar dikt med sanselege bilde og presise formuleringar om tid, både på måten tida måler opp eit menneskeliv, men også slik vi kan observera ho i jord og stein. Eit barnebarn reiser til landskapa frå bestemødrene. Ho går inn i dei gamles hus og ser på dei utslitne, lappa buksene. Utanfor ser ho våren komma, snøen på fjellet har minka og bølgjene filer seg lenger inn i berget. Krista Lien Indrehus er utdanna på Skrivekunstakademiet, og kjem frå Bømlo i Sunnhordland. Flør er hennar første bok. Omtalen er utarbeidd av BS