Da polarhunden Foxi blei fødd på Svalbard, var ho liten og svak. Eigaren Tommy trudde ikkje ho kunne bli sledehund. Då Foxi var fire år skulle Tommy delta i Iditarod, verdas lengste og tøffaste hundeløp. Før start ble tre av leiarhundane hindra i å delta. Tommy måtte sette Foxi fremst i hundespannet, og det viste seg at ho trivdes med utfordringane og klarte seg heilt fint. Ei forteljing om Foxi, men også om hundekøyring generelt, forholdet mellom hund og menneske og lditarod. Sakprosa for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.
. - Alder: 11-16 år
. - God, leselig skrift
Sommaren for tolv år sidan vart polarhunden Foxi fødd på Svalbard. Hunden var liten og svak og åt dårleg. Eigaren, den ivrige hundekøyraren Tommy Jordbrudal, tenkte at han ikkje kunne bruke henne som sledehund. Han ville kvitte seg med Foxi, men ingen ville ha henne.
Då Foxi var fire år, skulle Tommy delta i verdas tøffaste og lengste hundeløp, Iditarod. Tommy var ekstremt uheldig. Før start vart heile tre av hundane som kunne leie hundespannet, sette ut av spel. Tommy hadde ikkje noko val. Vesle Foxi måtte trå til. Å sette Foxi fremst i hundespannet, utan at ho hadde trena på det, var galskap. Korleis skulle det gå? Tommy var livredd på startstreken. Foxi skulle finne vegen gjennom snøstorm og over høge fjellpass. Underleg nok likte Foxi seg betre di meir krevjande løypa vart. Foxi synte seg å vere den klokaste, modigaste og beste hunden Tommy nokon gong hadde hatt.
Dette er ei forteljing om Foxi, men også om hundekøyring, sledehundar, Iditarod og det heilt spesielle forholdet mellom hund og menneske.