Her er kjærleikstrilogien om Asle og Alida samla mellom to permar. I Andvake (2007) møter vi det unge paret medan dei er i Bjørgvin for å finne arbeid. Det hastar, Alida er gravid og treng sårt ein plass å bu saman med kjærasten. I den andre boka, Olavs draumar (2012), er barnet fødd og paret forlét Bjørgvin. Asle har endra namnet sitt til Olav, og vil tilbake for å kjøpe ei gåve til Alida. Men det går ikkje som han har tenkt seg. I Kveldsvævd (2014) følgjer lesaren dotter deira, Ales, og gjennom ho får vi vite korleis det gjekk med Alida og Asle. Kva for konsekvensar har avgjerdslene deira fått for dei som kom etter? Trilogien vann Nordisk råds litteraturpris 2015.
. - Inneheld tre romanar
. - God, leselig skrift