Dette er ein djupt personleg bok der forfattaren gir seg sjølv til kvar ramn, seier ein forlagskonsulent.
Boka er ein utviklingsroman, ein kjærleiksroman og ein kulturroman. Og endå er dette slett ingen roman, men ein bok full-lødd med fakta, skriven av ein blendande forteljar med eit nesten ufatteleg rikt stoff. ...Denne sjølvbiografien grip sentralt inn i norsk og internasjonalt åndsliv i drygt to mannsaldrar. Forfattaren er vitskapsmann og diktar, målmann og amerikanist - og mykje meir. Framstillnga er dokumentert med grunnlag i personleg og privat kjeldemateriale, eigne skrifter av mange slag, dikt og notat, bilete og brev, heilt frå den tidlege barndom i Kristiandsand til skrivande stund i Karistua på Lysaker