Kan kristne vere sosialistar, kan kristne samarbeide med kommunistar, kan prestar og misjonærar vere aktivt med i offentleg politisk liv - også på venstresida?
Slike brennande spørsmål vart aktualiserte da nokre misjonsstudentar saman me andre kristne gjekk inn i Sosialistisk Valgforbund i Stavanger før kommunevalget hausten 1971. Debaten nådde eit høgepunkt da leiinga i Det Norske Misjonsselskap erklærte at studentane stod i en ideologisk konfliktsituasjon som måtte føre til eit val mellom tenesta i Misjonsselskapet og det aktuelle politiske engasjementet.
Bakgrunnen for boka er konflikten i Stavanger, men ho gjeld mykje meir enn eit internt oppgjør i Det Norske Misjonsselskap: Vi får her ei framstilling av tankar og tendensar som gjer seg gjeldande i den kristne nyradikalismen.