Folkedanspioneren KLARA SEMB gav ut "Norske folkedansar" i 1922, og sidan har det kome mange omarbeidde utgåver og fleire opplag av kvar utgåve. I denne boka er dansevisene og rettleiingane om dansen samla i eitt verk, med tekst, melodi, dansemåte og tradisjon.
Boka inneheld 112 songdansar og er første bandet i ein ny serie med norske folkedansar. Noregs Ungdomslag har stått for arbeidet i tradisjonen etter Klara Semb, og det er dei fremste i dette miljøet som har stått for utval og tilrettelegging for denne boka.
"Norske folkedansar" er ein kulturskatt og eit oppslagsverk i norske folkeviser, men òg ei dagleg bruksbok i det rike folkedansmiljøet i Noreg.
Boka er gitt ut i samarbeid med Noregs ungdomslag.