Denne boka er skriven av far og dotter: Natasja 11 år og Jan 41 år. De fortel om ei jente som bur i ein vestlandsby. Ho går i femte klasse, har mange kameratar og har lærarar som ho både liker og ikkje liker. Heime har ho eit par brukbare foreldre og ei søster, dessutan hundar og kattar og hamstrar men det er ein kanin ho ønskjer seg. På Heia hos mormor og morfar har ho eit rom som er det koselegaste ho veit, og der er det fint å feira «planleggingsdagen». For livet er ikkje bare skole. Det er for eksempel å stifta ein klubb og kalla han Firkløveren eller å halda klassefest, eller å dra til Eventyrskogen etter juletre. Og brått kan det skje noko heilt uventa for forandrar nesten alt&