I desse novellene er det Frode som har ordet. Frode bur i Vikabyen, og han fortel om mangt han er med på og mykje han opplever, slik som det rare som hede den søndags ettermiddagen han var på besøk hos Oline, eller den dagen han slett ikkje kunne koma på kva han hadde drøymt om natta. For ikkje å snakke om den gongen han gjekk med auga att heile Blindvegen, eller det som skjedde då han skulle på feriefesten eit år. For Frode er det ofte slik at noko er trist og leitt eller vrangt.