Piranda har fått det for seg at ho er ein hest. Difor trenar ho på stova kvar natt. Camilla får ikkje sove av all hestetrampinga. Men storesyster lene, mor og far vil ikkje høyre på henne. Sjølvsagt er det ingen hest i stova. Ein dag forsvinner Piranda, og kvar trur du familien finn henne att? Jau, på travbanen sjølvsagt, i lag med dei andre hestane. Men møtet vart ikkje vellykka for Piranda, kanskje det ikkje er så verst å vera katt likevel?