Unn har reist fri og frank ut i verda. Der møter ho sitt ideal, ein fri vandrar, ein ensom ryttar, og slår seg i lag med han. Ho trur han er ein helt, Thesevs som drap uhyret i labyrinten. Men Abel veit at rolla hans er den motsette. Å sjå til er han glad og vakker, men livet hans ligg i mørke og tåler ikkje dagslys.