5 år gamle Zheng Mei bur i ein landsby ved Kvitelva, ikkje langt fra Beijing, hovudstaden i Kina. Ein dag kjem faster Lejum på besøk. Det er stor stas. Faster Lejum bur i hovudstaden, og då ho skal reise heim att, vil ho gjerne ha med seg Mei. Det er første gongen Mei skal sove borte, og første gongen ho er i Beijing. I hovudstaden er det mykje å sjå. Dei går i dyrehagen og på marknaden. Dei reiser til den store muren, og dei ser på unge gutar som sender drakar av papir og silke over Fredsplassen. Drakane ser ut som traner, sommarfuglar eller augnestikkarar. Då Mei legg seg om kvelden, får ho ikkje sove for tanken på alt ho har sett. Og mest tenkjer ho på drakane, som steig og steig høgt over den store muren og heilt inn i den blåe himmelen