Rulla heiter eigentleg Runa Ullalam og er elleve år. Ho skal reise åleine med fly frå ein liten kortbaneplass for å besøke mor si i Bergen. Mens ho sit i avgangshallen og ventar på flyet, dukkar det opp ein skummel fyr med svart pakke som liknar på ein maskinpistol. Dermed startar ei handlilng som både er spennande, morsom og vanvittig. For når Rulla blir skremd eller sint, set ho i eit frykteleg skrik. Eit skrik som får både ting og menneske til å lette.