Ingeborg Kasin Sandsdalen presenterer i denne sjølopplevde "romanen" frå Seljord eit stykke poetisk prosa i "gourmet"-klassa! Her er skjønn litteratur, vers og minne, hendingar og folk - og litterær samtidshistorie på det beste.
Riktignok finnst her mykje biografisk stoff, men først og fremst kultur og kunst!
Her er ikkje blikkfang som skandaler og gruoppvekkande avsløringer, - ikkje er forfatterinna omstreifar eller ødemarksheltinne, eller voldsoffer på noko slags vis. Derimot kvardagslig glad i livet skildrar ho med humoristisk tone korleis "Ingvild" vert Ingeborg, og syner kor Ingeborg gøymer seg bak "Ingvild".
Vel kan det vera uvant å få så mykje innsyn i privatlivet til nolevande kunstnarar, men naudrynt og naturleg gjev det opne heimemiljøet ein sjølsagt bakgrunn for diktinga.