Geirr Tveitt (1908-81) er ein av de mest produktive og fargerike komponistarie Noreg har fostra. Han skreiv over 300 verk. Det meste er borte for alltid etter ein tragisk brann på garden hans i Norheimsund i 1970.
Denne første biografien om Geirr Tveitt er ein eineståande rekonstruksjon av eit musikk liv som brannen sletta ut mange spor etter. Som musikkhistorisk dokumentasjon er boka umisteleg. Men Geirr Tveitt var ikkje berre komponist, dirigent og klavervirtuos. Livet hans er omspunne av mytar. Han er den store villmannen og evenyraren. Berre Geirr Tveitt kunne finne på å dra langt inn i Sahara med kameltransportert piano for å spele i oasen. Han var på alle vis den mangslungne og einvise personlegdomen som ofte gjekk eigne vegar mot <lei ytste grenser - og fekk mange vener, men også mange fiendar.
I norsk musikkhistorie har Geirr Tveitt rudd seg ein plass for alltid med storverk som Baldurs Draumar og Hundrad Hardingtonar. Han hadde ein samlande idé for alt han skapte: det skulle vere ekte og norsk frå rota av.