Første samla oversikt over tuberkulosens historie i Noreg. Frå 1900 til 1990 har 290 000 norske kvinner, menn og barn døyddd av tuberkulose eller tæring, som folk kalla sjukdommen. Dei fleste døydde mellom 1900 og 1950. Lidingane var så store og talet på dei som døydde så sjokkernade stort, at tabu senkte seg over historia om tragedien.
Denne boka opnar tabuet og viser tuberkulosens herjingar i vårt land gjennom ulike menneskes møte med sjukdommen, pasientar, helsesøstrer og legar. Det er ei historie om mennesket og landet som blei råka, ei svart soge med lukkeleg slutt!
Jan Karlsen (fødd 1948), reportasjesjef i Sunnmørsposten. Dag Skogheim (fødd 1928) forfattar av eit tjuetals bøker m.a. Sulis 1980, Café Iris 1982 og Tre dager i mai 1988 har òg laga fleire radioprogram om tuberkulose.