Forlaget skriver om denne boka:
Peder har vondt i magen. Men han gløymer magen sin når våren kjem og han kan springa ute med andre borna. Ein dag skal Peder til byen saman med mor og far og Albert. Byen er eit eventyr. Byen er full av raude tak og grøne tårn, og bilar, løver og frisørsalongar. På ein kafe får Peder smaka verdens beste rundstykke. Så skal dei ut i byen. Men kvifor går far og Peder ein annan veg? Kvifor må Peder gå i dei stille gatene?