Først møter vi åleforskaren Flemming Schmidt og får vite kvifor han vart åleforskar. Seinare vert vi kjende med den middelaldrande lektor Ål som går igjennom ei typisk livskrise. Ål flytter frå kona si og inn på ein trist hybel. Han opplever ei slags lykke i si massive einsemd, og knyter seg til eleven Ingri. Er det ein samanheng mellom Ål og ålen? Boka er humoristisk og tek opp eksistensielle spørsmål.