KLARA SEMB gav ut "Norske Folkedansar" i 1922. Seinare har det kome mange omarbeidde utgåver av boka. I 1985 kom ei gjennomrevidert utgåve av alle songdansane, og denne boka er ei naturleg vidareføring - ei revidert utgåve av turdansane. Det er Noregs Ungdomslag som har stått for arbeidet, i tradisjonen etter Klara Semb.
I tillegg til rettleiinga om turdansane, med dansemåte og tradisjon, har denne boka eit notetillegg, der det mellom anna er med turdansar og slåttar som ikkje har funnest på notar før. Ikkje minst denne delen vil ha stor interesse hos alle som driv med folkemusikk.
Boka er utgjeven i samarbeid med Noregs ungdomslag.