Teddybjørnen Alfred og tøyhunden Samuel ligg i ein pappkartong på loftet i eit tomt hus, saman med andre leiker. Ein dag vaknar dei og finn ut at det er svært lenge sidan Før i Tida, då Ole-Martin budde der og tok dei med i senga, og då var det ein som heitte Gerhardsen, som alltid var snill med små dyr. Dei skjønar at dei må ut av huset og ut på Storevegen og finne att Ole-martin - og kanskje Gerhardsen - sjølv om det er blitt haust og fuglane flyg sørover og det ser ut som det kan bli regn.