Forlaget skriver om denne boka:
Etter 25 år kjem Pieter Vink for første gong til ein jubileumsfest med klassekameratane frå den vidaregående skolen. Dei andre har møtst kvart femte år, men han har vike unna. Det er ei sak som aldri har late han i fred, same kor mykje han har prøvd å gløyme: Sjølvmordet til ein av klassekameratane. No kjem Pieter til møtet med fortida, som blir levande og verkeleg gjennom samtaler under den store festen. Og Pieter går hardt til verks mot kameratar og lærarar for å oppklare kva som eigentleg gjekk for seg den gongen. Dette blir ei fengslande, dramatisk historie som vedkjem oss alle.