Forlaget skriver om denne boka:
"
Stryk meg,
stryk meg er dramaet om Arthur Sverre frå den dagen han kjem til verda - til han mange år seinare sit aleine på ein hybel, kasta ut frå heimen av si eiga kone.
Vi lever denne eine gongen, tenker han. Vi rekk berre å øva, og så er det over.
På ein episodisk måte, omtrent som eit fotoalbum, har eg prøvd å finna låttens veg inn til tårene. Eg har søkt i rommet mellom far og son, mellom gut og jente, mann og mann, mann og kvinne, mellom møblar og ølglas. Og nok ein gong mellom son og far.
Arthur Sverre byr ein tusenlapp til den som vil vera som ein far for han.
Stryk meg, stryk meg kan spelas av 3 skodespelarar. Ein som hovudpersonen; ein som tar dei andre gute- og mannerollane; ein som tar seg av alt det kvinnelege."