Kva er det eigentleg oppdraget til Anna går ut på? Kan ho stole på sjefen, og er Det Verkelge Dyret riktig klokt? Kva skjer med resepsjonisten når det store regnet kjem? Og kor er det blitt av forvaltaren?
Dette er spørsmål du sannsynlegvis ikkje vil få svar på ved å lese boka. Men du kan bli med Anna på ei spennande reise med korte, men intense opphald og overtydelege bassengdraumar undervegs. Og du vil få gleda av å møte mannen med brann i blikket, konduktøren med dei opne skuldrene, ei pensjonatvertinne som har slektsallergi, kjærastar, legar og bartenderar...
Og sist, men ikkje minst, forvaltaren sin hund, den store brune.