Somme ungdommar har det slik som Sara. Dei lærer allereie som små barn korleis dei skal dekke over løyndommane heime. Di alvorlegare løyndommane er, di flinkare blir dei. Ingen skal få mistanke om korleis det står til. Bestevenninna til Sara må ikkje få vite noko, derfor trekker Sara seg unna meir og meir. Klassestyraren må ikkje få vite noko, så Sara er flink, ordentleg og høfleg på skulen. Ho skulkar ikkje, har alle skulesakene med, er aldri sjuk. Sara er fjorten år. Vi møter henne der ho ikkje lenger greier å halde på løyndommen. Dei «farlege» orda kjem fram.