"Rubato" fortel historia om ein ung mann som gir opp ei musikalsk karriere, og vel eit liv som lastebilsjåfør i staden for. Det er ein roman om kunst og liv, om musikk og kjærleik, og om forholdet mellom desse storleikane.
"Det byrja ein vårdag, vedunderleg vakker, for lenge sidan, på ein hybel i Bergen, i ungdommens dagar i opninga, eller var det slutten? Kven kan vita det? Kven kan fortelja? Kven kan spenna ut eit svar mellom ytterpunkta, slutten av noko og byrjinga på noko anna?"