"Fugler i bur syng om friheit, frie fuglar flyr". Ovanståande ord går rett inn i tematikken i denne luftige kjærleiksromanen frå hangglidarmiljøet ved rikssenteret på Vågå. For hovudpersonane i denne romanen er ikkje berre luft, men ei høgst levande organisme, som kan løfte dei opp og ut av det rotete og stadig meir kompliserte livet på landjorda. Vi fylgjer dei to kompisane Tryggve Braaten og Vidar Nattland på deira turbulente vei frå sky til sky, frå jente til jente, frå uskyldig ungdom til drikkfeldige og desillusjonerte Skywaymen med horisonten som einaste tellanda mål.
Ein sprelsk og underhaldande roman frå ein forfattar med over to hundre timers erfaring som prikk på himmelen.