"Fløytelåt" er eit fargesterkt møte mellom dei tre markante sunnfjordingane Jakob Sande, Ludvig Eikaas og Herbjørn Sørebø. Ramma for dette møtet er Jakob Sandes naturlyrikk. Solid forankra i vestlandsk natur og klima skreiv Sande gripande og humoristisk om landet og folket.
I første del av boka skildrar Herbjørn Sørebø diktaren Sande og naturlyrikken hans med stor personleg innleving. I andre del har Ludvig Eikaas sett vakre bilde til Jakob Sandes dikt.
"Fløytelåt" er ei hylling til ein av våre mest folkekjære diktarar, til den vestlandske naturen og samspelet mellom natur og menneske.