Forlaget skriv om denne boka: Det blir påske, klassen får fri, og merklege ting begynner å skje. Iskalde elvar lokkar, det kvekkar frå froskar som ikkje finst, og ein trist ulv kjem tassande. Mens månen, han heng der - som ham alltid har gjort - og lyser på alle påskemysteria.
Denne boka handlar om sju barn, om forteljingane deira og månen. Sju forfattarar avtalte å skrive om kvar sitt barn og kva desse barna opplevde i påskeferien. Da det var gjort, spurde dei ein åttande forfattar om å dikte opp ein lærar.