Forlaget skriver om denne boka:
Max Ernst (1891 - 1976) er verdskjend som sentral malar innan fransk surrealisme. Han var fødd som tyskar og døydde som fransk borgar, ekskludert frå den surrealistiske rørsla. I likskap med fleire av si tids modernistiske malarar laga han også litteratur.
Ei lita jente drøymer om å gå i kloster kom første gong ut i 1930 og er den andre av i alt tre collage-romanar. Max Ernst sette saman utklipp frå hefteromanar og populære verk om vitskap, natur og eksotiske emne frå tida før dei fotografiske illustrasjonane vart vanlege.
Einar Øklands omsetjing er basert på ei to-språkleg fransk-engelsk utgåve, utgitt i 1982, av den amerikanske malarinna, Dorothea Tanning, gift med Max Ernst sidan 1943.
I eit perspektivrikt etterord peikar Einar Økland på korleis den surrealistiske collagen byggjer på "postmoderne" innsikter, og han reflekterer over kvifor norsk mellomkrigstid meir var opptatt av ordet, medan bildet var eit langt sterkare verkemiddel på kontinentet.