Det er sommar og varmt, og Stavangers underverden kjen endeleg og med ettertrykk til orde. Når ikkje somme av hovudpersonane sit i fengsel for eit opplegg som har gått gale, planlegg dei nye opplegg som skal gå bra. Vi er innom Norwegian Contractors, eit hospits, ei antikvitetssjappe, ein taxi, medan andre arbeidsplassar i denne dialogromanen ligg heil i gråsona mot det svarte og småkriminelle.