19-årige Anneli er ferdig med gymnaset.. ho er skulelei og vel å flytta til ei utkantbygd i heimkommunen. Mora oppfattar Annelis «påfunn» som ei provokasjon deltidsjobb i ein barnehage var ikkje det ho hadde tenkt dottera skulle fordriva tida med. Medan forholdet til mora mildt sagt er anstrengt, står faren og Anneli kvarander svært nær.
Anneli flytta til ein utkant for å finna fred og ro, men finn langt meir enn dette. Huset ho leiger ber på ein løyndom som viser seg å gjelda familien hennar. Anneli er i tvil om det er best å teia med det ho får vita. Samtidig forelskar ho seg i Ragnar, ein av foreldra i barnehagen, om om Anneli er moden for alderen, er ikkje alle sidene ved livet like lette å takla.