Fredrik Dale skjønar med eitt at han ikkje kan halde fram med prestegjerninga. Ikkje no, i den tilstanden han er i. Han har lenge hatt sorg over å ha mist kvinna han har levd eit heilt liv saman med. Sjølv om to år har gått, klarar han ikkje å ta nytt tak, og glir inn i depresjonen. Destruktive krefter er i ferd med å bryte han heilt ned. Men midt i alt dette skjer det også noko heilt avgjerande. Han får blant anna nye møte med seg sjølv og sin eigen bakgrunn og nye møte med andre menneske, ikkje minst Vibeke.
Er det likevel ei framtid for han?