Forlaget skriv om denne boka: Katja har budd saman med pappa sidan foreldra skilde lag for nokre år sidan. Mamma arbeider med eit prosjekt i Afrika og har gitt Katja mobiltelefon, slik at dei lett kan kontakte kvarandre. Katja er glad i pappa og liker ikkje at han har nye damevenninner, for ho drøymer stadig om at mamma og pappa skal flytte saman att. Ho gjer det ikkje akkurat lett for den nye dama som blir med til sommarhuset.