Forlaget skriv om denne boka: Denne boka er den første samla framstillinga av livet og kunsten til Mons Breidvik (1881-1950), ein markant vestlandskunstnar som ikkje bør gløymast. Breidvik var frå Brekke i ytre Sogn, men slo seg i 1907 ned i Kvam i Hardanger. Mons Breidvik var elev av Harriet Backer og Erik Werendskiold og var ven med kjende vestlandskunstnarar som Olav Rusti, Bernt Tunold og Nikolai Astrup.
Breidvik arbeidde alt vesentleg med teikning og grafikk, men også med kyrkjekunst. Han har hausta størst lovord for skildringar av born og for glimrande portrett. Her er representert i sentrale galleri i Noreg og USA som Nasjonalgalleriet i Oslo og Metropolitan Museum i New York. Elleve gonger var han representert på haustutstillinga.
Mons Breidvik var ein idealist med klåre meiningar. Iherdig arbeidde han for å gjera kunst til allemannseige. Han kjempa for norsk språk og bunadsskikk. Med styrke hevda han vestlandskunstens plass og kjempa for eit kunstakademi i Bergen. Boka gjev innsyn i Mons Breidviks personlegdom og familieliv, og den iherdige kampen hans for å overleva som kunstnar i bygde-Noreg i første halvdel av 1900-talet. Boka er rikt illustrert med kring 100 av Mons Breidviks kunstverk og kring 40 foto.