Forlaget skriver om denne boka:
Kan noko levande menneske skjøna seg på slike jentungar? Her kjem dei farande med slik kvitglødande arbeidsglede at det er tryggast å stiga til sides så ein ikkje skal bli svidd. Ved synet av ei slik jente marsjerer kyrne på bås som ei avdeling soldatar, og traktoren brummar så fyrrig som kom han rett frå fabrikken. Far hennar får ny kraft, ny ungdom fordi dotter hans er ei gudinne. Nå kan han greia alt, trur han. Men best som det er, er gudinna styrta, engelen fallen, jenta har stengt seg inne på rommet sitt. Når ho dukkar opp att, er det med svarte ringar kring auga og eit ansikt kvitt som mjøl. Med naken midje mellom buksa og overdelen går ho ut for å la seg plukka opp av kven som helst.