Forlaget skriver om denne boka:
Vinnar av Nobelprisen i litteratur 2005.
Harold Pinter (f. 1930) livnærte seg som turnerande skodespelar i ungdommen, og blei i 1957 spurt om han kunne skrive eit stykke som eit studentteater i så fall skulle setje opp veka etter. Pinter gjekk i gang, og på fire dagar skreiv han The Room. Og med det rommet, der ei dør fører ut til ei fiendtleg og farleg verd, er ein av dei grunnleggjande dramatiske situasjonane i Pinters forfattarskap etablert.
Harold Pinter har sidan skrive ei lang rekke stykke, dei fleste ganske korte, og noko av det som imponerer mest med forfattarskapen er den konsekvens, den stadige variering av det same, eller om ein vil, den mangel på fornying, som lar seg følgje i stykka hans, til dømes i Landskap, Stille, Natt (frå rundt 1970) og i Ingenmannsland (1975), fram til Av jord er du komen (1996).
Harold Pinter veit korleis ein på scenen skal få til ein atmosfære som er uforståeleg og samtidig komisk og samtidig uforståeleg komisk, skriv Georg Hensel i sin Spielplan, og legg til: Når Pinter er på sitt beste lar han avgrunnen, æve-perspektivet, glimte til midt i banalitetane.
av Iduns julekomedie (av Harold Pinter ; instruktør: Anders Dale ; scenograf: Svein Harry Hauge)
Bok utgitt 2004
Ledig Ledig eksemplar er ikke til utlån. Ventetid må påberegnes ved bestilling.
(Avd.: Sølvberget, Stavangersamlingen 792.0948 IDU) Ikke til utlån
Husk denne