Forlaget skriv om denne boka: I denne store franske 1800-tals-klassikaren møter vi hittebarnet Remi. Ni år gamal blir han seld til gamle Vitalis fordi pleiefaren han ikkje vil fø på han lenger.
Remi må reise rundt med Vitalis og dyra hans og tene til mat og losji ved å opptre for folk. Han har det vondt, men samstundes ber Remi på ein stor løyndom. Og nokon leitar etter han! Er det foreldrene? Eller er det mørke krefter som vi drepe han? Den er lesen av mange millionar barn, og er like spennande og engasjerande i dag som då den kom ut i 1878.