Antologien Kunstens fortrolling vil gi sitt bidrag til å halde interessa for Vesaas sine tekstar varm. Tittelen på denne antologien viser til den særeigne vesaaske forma: eit blikk for det gåtefulle og det nye i det kjende og kvardagslege eit grenseutvidande blikk. Bidraga i denne antologien tar for seg både dikt, noveller og romanar og gir eit variert bilde av Vesaas sin forfattarskap, og også av diktaren i sonen Olav Vesaas' litterære portrett av faren. Skrivemåtane og metodane som bidragsytarane brukar, er også varierte, og gir eit bilde av det mangfaldet som pregar litteraturforskinga i dag.