Ei vakker og gripande lita forteljing om nabogutane Olvar og "eg", som levde under siste verdskrig: "Akkurat som det er krig andre stader i verda no, var det krig her då.
Du kunne kjenne det. Og høyre det. Og sjå det." Eg-forteljaren minnest ei rekkje situasjonar frå samværet mellom dei to venene, som etter kvart blir prega av at Olvar er alvorleg sjuk. Forfattaren spinn ein kjærleg atmosfære rundt den sjuklege leikekameraten, og framstillinga av deira barneliv får rang av eit lys i mørkret, eit håp og ei tru på at noko fredeleg og godt kan springe ut or mennesket.