Forlaget skriver om denne boka:
I Osnabrück freistar dottera å redde den jødiske slekta til mora frå gløymsla. Med hjelp frå mora, og gjennom å skrive, vil ho vekkje alle tillive og få dei til å fortelje før det blir for seint. Eve Klein drog frå den tyske byen, som romanen hentar sin tittel frå, tidleg i 1930-åra. Seinare vart heile slekta utrydda. Dotteras portrett av mora er ei kjenslenær, egsentrert, open og monologisk forteljing, ei forteljing full av humor og paradoks. Dette er ein roman om det livslange morstapet, like frå det første tårevåte avskilet då treåringen skal starte på skulen: "Tre og eit halvt år gammal mista eg mor mi. Det var første gongen" - til dei avsluttande scenene der den gamle mora sitt liv nærmar seg ein slutt, og tankane på dauden og det endelege morstapet vert tydelegare. Ein modig disseksjon av eit forhold som ber med seg det meste: kjærleik, hat, incestuøse trekk, fråstøyting og tiltrekking, teiing og avdekking.
Det er ei storhending at ein heil roman av Hélène Cixous no for første gong kjem ut på eit skandinavisk språk.