Forlaget skriver om denne boka: Den nynorske lyrikken kan godt lesast som ein eigen tradisjon, som skil seg frå bokålslyrikken. I denne essaysamlinga viser Jan Inge Sørbø korleis impulsane frå Ivar Aasen har forplanta seg til stadig nye generasjonar nynorsklyrikarar. Men sjølv om Ivar Aasen er sjølve farsfiguren i den nynorske lyrikken, er nynorsk lyrikk i utprega grad levande litteratur - som tek tekstar opp i seg og skapar nye tekstar. Dei nynorske lyrikarane på 1800- og 1900-talet representerer både eit framhald og ei radikal omkasting av impulsane frå Aasen. Jan Inge Sørbø viser korleis nynorske dikt gjennom hundreogfemti år finn sitt særpreg, korleis dei endrar seg fra klassisisme via ekstatisk romantikk til modernisme - heile tida med dei gamle tekstane som resonansbotn.
Med skarpt blikk både for verknadshistoria og dei enkelte dikta presenterar Jan Inge Sørbø spennande og originale nylesingar av Ivar Aasen, Arne Garborg, Olav Aukrust, Jakob Sande, Aslaug Vaa, Tor Jonsson, Marie Takvam, Alfred Hauge, Kjartan Fløgstad og Paal-Helge Haugen.