I denne boka ser vi Jomfru Maria med mellomalderauge. Lesaren får eit spanande, mystisk og folkeleg møte med mariakulten i Europa og i Norden. Ein får òg eit møte med Maria i Bibelen og med urbiletet av den mora som har medynk med alle dei som lid i verda. Det skjedde mange jartegn i namnet til Maria i mellomalderen. Den historiske presentasjonen gjev innsyn i dette, og ikkje minst legendene som er omsett frå norrøne pergamenthandskrifter frå 1300-talet.