Forlaget skriver om denne boka: "Lene seg mot vinden" er ein historisk roman frå sunnmørskysten på 1800-talet, der vi møter att familien frå "Havet syng". Kristiane og Lars er midt i livet, og forholdet deira er vanskeleg - Lars klarer ikkje å gløyme at Kristiane var utru mot han. Kristiane lovde faren å føre losarven vidare, og dette har prega livet hennar. No krev ho at sonen Anders skal ta opp denne arven, men han drøymer om eit heilt anna liv. Eit alvorleg l brotsverk blir oppdaga i bygda, og Kristiane får ei sentral rolle under etterforskinga. Og ein dag skjer det noko som endrar livet for alle i losgarden. "Lene seg mot vinden" er ein roman om svik, forsoning og valet mellom plikter og draumar.