Forlaget skriver om denne boka:
KVIFOR MÅTTE NORA GÅ? inneheld nylesingar av mellom anna "Voluspá", Henrik Ibsen og Edith Södergran. Artiklane om "Voluspá" og Södergran kan tene som elementære innføringar på norsk sidan heilskaplege framstillingar i begge tilfelle har vore mangelvare her i landet. Boka inneheld også ei nedkorta utgåve av forfattarens hovedfagsavhandling frå 1972:
Kvar gjekk Nora?
Det aspektet som knyter dei enkelte tekstene saman, er samtidig eit hovedelement i boka, og har med forfattarens metode å gjere. Dei valde tekstane (i hovudsak lyrikk og dramatikk) blir sett gjennom eit dobbelt filter: utgangspunktet for analysene er den enkelte teksten/verket sett i relasjon til såvel forfattarskap som sekundærlitteratur.
Framstillingsmåten er gjennomgåande personleg og essayistisk, men boka oppfyller (når det er nødvendig) også elementære krav til vitskapleg framstilling.
Mellom andre forfattarar som vert drøfta, merkar ein seg Voltaire, Laurence Sterne, H.D. Thoreau, Olaf Bull, Fernando Pessoa, Jakob Sande og Olav H. Hauge. Intervjuet med Hauge blir her publisert for første gong.